Her er den nye luftvegsklinikken

Stryn kommune har oppretta luftvegskllinikk i industribygget på Visnes der det tidlegare har vore bussproduksjon. Alle som skal ha legetime og har luftvegssymptom vert viste hit.

Jobbar ved luftvegsklinikken: Lege Mohammed Hussien og helsesekretærane Beate Kristiansen t.v. og Silje Frøysa vil arbeide ved luftvegsklinikken, som også har koronatestsenter. Då Fjordingen var innom dreiv dei med innflytting i lokala.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

På grunn av koronapandemien har kommunen sidan i vår hatt eit ekstra legekontor i drift. Dette har hittil vore lokalisert i kulturhuset, men denne veka flytta det inn i nyoppussa lokale i Visnesvegen. Her er det no blitt fire kontor, møterom og kantine.

Areala er delt i to soner, slik at kontor og anna areal for helsepersonell er rein sone.

Den midlertidige omorganiseringa av legetenesta i Stryn skjedde alt i slutten av mars, og kommuneleiinga hausta ros for å vere raske med å gjere organisering som ivaretok innbyggjarane sine behov for helsetenester samstundes som smittevern vart ivareteke.

Alle med luftvegssymptom

Fordi ein ikkje veit kven som faktisk kan ha koronasmitte og kven som berre har ei vanleg forkjøling, vert alle med luftvegssymptom sende til luftvegsklinikken.

På denne måten reduserer ein riskioen for at legar, personell og pasientar ved Stryn Helsesenter vert smitta. Der slepp ein ikkje inn om ein har luftvegssymptom.

Så om ein har eit kutt i fingeren eller ei vond tå skal ein til luftvegsklinikken, om ein samstundes er forkjøla!

Einingsleiar for helsetenesta i Stryn, Alexander Rande, framfor den nye luftvegsklinikken.   Foto: Gunnhild Sindre

Ombygging

Lokala i industribygget på Visnes har gjennomgått ei rask ombygging, og Alexander Rande, einingsleiar for helstenesta i Stryn, rosar vaktmeistertenesta i kommunen for arbeidet.

- Vi har rive ned og ombygd slik at her no er fire kontor, pluss møterom og kantine. Dessutan er det installert ny ventilasjon, fortel Harald Lunde, leiar for vaktmeistertenesta i Stryn kommune.

- Det er også bygd handikappramp ved inngangen på framsida av bygget.

Luftig ved luftvegsklinikken: Einingsleiar Alexander Rande, kommuneoverlege Marius Solbakken og leiar for vaktmeistertenesta i Stryn kommune, Harald Lunde, i lett snøkave ved inngangspartiet. Her har vaktmeistertenesta m.a. bygd handikapprampe.  Foto: Gunnhild Sindre

Koronatesting

Luftvegsklinikken vil også vere base for den kommunale koronatestinga.

På nedsida av bygget står eit telt som blir brukt til dagleg testing for covid-19.

Dette har dermed blitt flytta frå parkeringsplassen ved Stryn kulturhus. Her kan dei som skal testast møte opp og køyre inn i teltet, bli testa gjennom bilvindauget og køyre ut av teltet og vidare.