Johannes vann verdscupsprinten på sonen Gustav sin eittårsdag

Johannes Thingnes Bø starta den andre veka i verdscupen i Oberhof på best mulege måte.

Ny siger: Johannes Thingnes Bø skaut feilfritt og vann sprinten i Oberhof.   Foto: ragnar singsaas

Nyhende

Førre veke tok Markaneløparen sin 50. verdscupsiger i skiskyting. Onsdag kunne han notere seg for nok ein triumf, og det på sonen Gustav sin eittårsdag.

Måtte grave djupt

Det nye stjerneskotet Sturla Holm Lægreid sette standarden tidleg, med feilfri skyting og stor fart i sporet.

Men Johannes Thingnes Bø svarte på beste vis, også han med feilfrie opphald på standplass. Dermed vart det i langrennssporet det heile skulle avgjerast. Johannes var eit hakk kvassare, og ut på sisterunden var han ni sekund føre Lægreid. Inn mot mål greidde Thingnes Bø å auke med ytterlegare tre sekund, slik at avstanden i mål vart 12,4 sekund i favør stryningen. Dermed vart det på ny to norske utøvarar på pallen.

– Eg visste at eg måtte ha ti treff for å vinne i dag, sa Thingnes Bø til NRK etter løpet.

Tarjei Bø skaut fullt på liggande, men måtte tole ein tur i strafferunden etter ståande skyting. I mål var han 58 sekund bak Johannes, noko som heldt til 13. pass.

Fredag er det stafett for herrane, medan det er 15 km fellesstart søndag.