Meiner grunneigarane sel seg for dyrt

Stryn kommune har fått tilbod om å kjøpe areal til bustadfelt i Hogane. Dei vil derimot ikkje gje meir enn om lag halvparten av det grunneigarane krev.

Nytt bustadfelt: Arealet nord for Setrevegen i Hogane er regulert til bustadfelt. Grunneigarane har tilbydd kommunen å kjøpe arealet, men mykje tyder på at utbygginga vil skje i privat regi grunna usemje om pris.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Det aktuelle arealet ligg på nordsida av Setrevegen i Hogane. Det er snakk om eit samla areal på 29.500 m2, inkludert veg- og grøntareal. Der er også tilgrensande skogareal mot nord og vest som er aktuelt for grunneigarane å selje.