Lesarinnlegg frå Jon Tvinnereim:

- Det hadde vore fint om debattantar kunne bruke innestemme

Lesarinnlegg: Jon Tvinnereim legg fram sine "nyttårsønske" for 2021.  Foto: Inge Fænn (arkiv)

Nyhende

Etter eit år med pandemi og presidentval i USA er det lett å slå fast korleis vi ikkje ønskjer å ha det i 2021. Men smitten av både covid-19 og donaldismen finst fleire stader i verda – også her i vårt land – som elles på mange måtar meir og meir tydeleg viser seg som eit idealsamfunn. Vi har eit styringssystem og eit styre som overgår dei aller fleste andre når det gjeld folkeleg påverknad på ressursbruk og politisk vegval. «Sunt bondevit» har det av og til vore kalla. Slik er vi tydeleg langt framom USA, som har ord på seg for å vere det beste demokratiet i moderne tid.