Vil lage eigen strategi med fokus på m.a. folkehelse og inkludering:

Fylket satsar på e-sport

Fylkestinget har vedteke at Vestland fylkeskommune skal lage ein eigen strategi for e-sport. Slik vil fylkeskommunen styrke og satse på e-sportmiljøet i heile fylket.

Fylkessatsing: Fylkeskommunen vil ta gaming og e-sport på alvor og utarbeider ein strategi for e-sport, der folkehelse, fellesskap og inkludering er viktige punkt. Illustrasjonsfoto frå datatreffet Bitelit på Nordfjordeid. Foto: Anne-Mari Aalberg 

Nyhende

– Dette handlar om å flytte e-sport og gaming ut av gute- og jenteromma og inn i sosiale fellesskap, der utøvarane kan spele og konkurrere saman, seier ordførar Jon Askeland på fylket si nettside.