Skal sikrast for 200-årsflaum

Føresegner i detaljreguleringsplanen for Geilevegen seier at Tonningsgrova og Sandbakkgrova skal sikrast for 200-årsflaum.

Flaumfare: Tonningsgrova og Sandbakkgrova kryssar Geilevegen i Stryn og representerer ein potensiell flaumfare meiner NVE.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Dei nye føresegnene er kome til etter at NVE fremja motsegn mot detaljreguleringsplanen for Geilevegen. NVE meinte at potensiell flaumfare mot byggeområde ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.