Må i fengsel etter innbrot på Fjelli og i Utvik

Ein mann frå Volda og ein frå Ørsta er dømde til fengsel etter innbrotsraid mot matbutikkane på Fjelli og i Utvik.

Coop Fjelli: Mennene braut opp døra med brekkjarn.  Foto: Politiet

Nyhende

Innbrota skjedde i oktober 2019, først mot Coop Fjelli der mennene fekk med seg store mengder varer etter å ha brote seg inn ved hjelp av eit brekkjarn. Deretter gjekk turen til Joker Utvik der dei ikkje kom seg lenger enn til ei gitterdør. Mennene sat på med ein tredje person, og etter mislukka innbrotsforsøk i Utvik, reiste dei til Skei. Her gav dei opp innbrotsforsøk mot Joker fordi alarmen gjekk.