Byggjer på erfaringar frå Gloppen-modellen

Firda vgs har åtte års erfaring med fagutdanning for minoritetsspråklege. Det er dei gode erfaringane frå den såkalla Gloppen-modellen dei andre skulane no skal jobbe ut ifrå.

Nytt: Medan Firda vgs har lang erfaring med fagutdanning for vaksne minoritetsspråklege, blir dette eit nytt tilbod i Stryn. Rektor Anders Bruvoll seier dei må finne ut kva som er den beste utdanningsmodellen etter kvart.  

Nyhende

I dag tilbyr skulen på Sandane utdanning innan helsefag, tannhelsesekretær, betongfag og polymerkompositt-udanning. Sentralt i Gloppen-modellen er vekslinga mellom skulebenken og praksis i bedriftene.