Her får legen covid-vaksinen

No er også legane i Stryn vaksinerte mot covid-19.

Vaksinering av legane i Stryn: Fastlege Per Bruhn-Henriksen får covid-vaksinen av Alis Midlang Hunnes (som har fleire tiårs erfaring med å vaksinere stryningar). Til venstre smittervernlege og kommuneoverlege Marius Solbakken, som til liks med dei andre legane også fekk vaksinen torsdag.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Torsdag var dagen for vaksinering av legar i Stryn. Alle legane i kommunen fekk tilbod om å bli vaksinerte mot covid-19, og alle takka ja og fekk si vaksine. Ein av dei første var Per Bruhn-Henriksen, ein av fastlegane med lengst fartstid i Stryn.