25 år sidan NM på ski i Stryn:

– Vi hadde aldri greidd det utan engasjementet frå nordfjordingane

25 år er gått sidan dei eventyrlege NM-dagane på Ullsheim og i Bjørkelibakken. Heile Nordfjord stod på hovudet i framkant og i dei 14 dagane meisterskapen pågjekk. Men mildvêr og fønvind var nær ved å sette ein brutal stoppar for folkefesten.

25 år sidan: Arvid Hatledal (løyper), Arvid Dybevoll (rennleiar), Inger Marie Svingeset (sekretær) og Inge Fænn (leiar i hovudkomiteen) mimrar om NM-dagane på Ullsheim og i Bjørkelibakken i 1996. – Det hadde ikkje vore muleg å få til eit NM utan engasjementet frå heile Nordfjord!  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

8. mars 1993 var ein stor dag for dei tre idrettslaga Markane, Veten og Hardbagg. Då vart det bestemt at Stryn skulle arrangere NM i nordiske greiner i 1996. Med OL-rusen frå Lillehammer friskt i minne var dugnadsånda på topp då Stryn skulle stå i sentrum for nasjonale hopp-, kombinert- og langrennskonkurransar.