KM i futsal avlyst

KM i futsal for aldersbestemte lag er avlyst.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Sogn og Fjordane fotballkrets opplyser at KM i futsal for aldersbestemte lag må avlysast. Dette på grunn av koronapandemien. Det vil heller ikkje bli arrangert KM i futsal seinare på året. Turneringa skulle etter planen gått av stabelen på Sandane og i Førde 6. og 7. mars.

Over 170 lag var påmelde til årets futsal-KM for aldersbestemte lag.