Nedtur på sprinten for sigersvande nordmenn

Tarjei Bø (t.h.) vart nummer ni på VM-sprinten.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

Nyhende

Ein nordmann hadde stått øvst på sigerspallen i samtlege verdscuprenn i sprint så langt denne sesongen. Dermed "lukta" det norsk medalje før fredagens VM-sprint i skiskyting. Men slik skulle det dessverre ikkje gå. For andre VM-sprint på rad hadde ikkje Norge ein mann på pallen.

Beste norske vart Johannes Dale på 4. plass. Han fekk ein strafferunde på ståande skyting. I mål var han eitt tidel framfor Johannes Thingnes Bø, som allereie på liggande skyting skaut på seg to strafferundar. Då hjalp det ikkje at 27-åringen skaut feilfritt på ståande, og ein 5. plass til slutt var nok ikkje det han såg føre seg.

- Kjedeleg, eg synst eg gjorde eit ganske bra løp. Eg har inga forklaring på dei to bomskota på liggande, sa Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet. Han var heller ikkje heilt fornøgd med sekunderinga undervegs i løpet.

Sturla Holm Lægreid vart nummer sju og Tarjei Bø nummer ni, med ein strafferunde som han fekk på ståande.

- Eg er fornøgd med prestasjonen, men ikkje med resultatet. Ni av ti treff er bra på ein sprint, sa Tarjei Bø etter sitt løp.

Svenske Martin Ponsiluoma gjekk eit kjempeløp i tillegg til at han skaut feilfritt. Det heldt til VM-gull, 11 sekund føre franske Simon Desthieux. Frankrike fekk endå ein mann på pallen, med Emilien Jaquelin på 3. plass.

Søndag er det sjanse til revansje for dei norske karane når jaktstart står på programmet i Pokljuka.