Stryn serieopnar heime

Startar heime: Olivia Vollsnes Wemby og Stryn møter Sogndal i første kamp.  Foto: thomas thaule

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball for damer serieopnar heime mot Sogndal søndag 25. april. Det er klart etter at fotballkretsen har offentleggjort terminlista.

Første bortekamp for Stryn er mot Selje/Åheim søndag 2. mai. Siste serierunde vert spelt 17. oktober. Då møter Stryn Førde på bortebane.

Åtte lag skal spele i 3. divisjon damer denne sesongen: Stryn, Selje/Åheim, Måløy, Sandane, Førde, Sogndal, Studentspretten og Balestrand. Kaupanger 2, Syril og Høyang stiller ikkje lag i år.