Inge må følgje VM frå godstolen:

– Eg skulle helst vore i Pokljuka no

Han skulle vore i Pokljuka no, Inge Brynestad frå Olden. I staden må han som alle andre sjå VM i skiskyting frå godstolen heime.

Fornøgd med bronse: Inge Brynestad har følgt VM i skiskyting «ringside» dei siste åtte-ni åra. I år må han følgje norske medaljekandidatar frå godstolen heime. Han var fornøgd med bronse til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Turen var planlagd, men no sit vi no her, smiler Brynestad medan han byr på ein kopp kaffi og litt twist før søndagens jaktstarten skal til å starte.