Andrefiolin for brørne Bø på stor norsk dag

Brørne Bø måtte finne seg i å spele andrefiolin på dagens VM-distanse over 20 kilometer i Pokljuka.

Utanfor pallen: Johannes Thingnes Bø vart nummer fem på normaldistansen onsdag.  Foto: Manzoni/IBU (arkiv)

Nyhende

For ti år sidan tok Tarjei Bø gull på distansen, men i dag ville det seg ikkje for verken Tarjei eller bror Johannes Thingnes Bø på det som gjerne blir kalla kongedistansen for skiskyttarane.

Verst gjekk det for Tarjei, som allereie på første liggande skyting bomma heile tre gonger, noko som gav tre tilleggsminutt. Løpet var i realiteten øydelagt for 32-åringen, som fekk ytterlegare tre bom på dei resterande skytingane.

Johannes på si side skaut fullt på første skyting, før det vart eitt tilleggsminutt på andre skyting. Ny feilfri serie på tredje skyting gav håp om medalje. Men på siste og avgjerande skyting vart det eitt minutt til i tillegg, og dermed forsvann truleg sjansane til edelt metall for verdscupleiaren.

Sigeren gjekk til lagkameraten Sturla Holm Lægreid. Årets komet skaut imponerande 20 treff og tok ein velfortent siger framfor Arnd Peiffer frå Tyskland, også han med 20 treff. Johannes Dale tok bronsen etter å ha pådrege seg berre eitt tilleggsminutt.

- Vi håpar jo at vi sjølv skal vinne, men dette betyr mykje for laget, sa Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet. - Eg måtte hatt 20 treff for å vinne, og det klarte eg ikkje. Eg hadde trua og synst eg gjorde eit bra løp. Eg er på riktig veg og sit att med ein positiv følelse sjølv om eg ikkje fekk medalje.

Tarjei har ikkje fått det til å stemme i VM så langt. Til blanda stafett fekk han ikkje plass på laget, på sprinten vart han nummer ni, og på jaktstarten og på dagens normaldistanse skaut han seg bort og vart berre nummer 67.

Torsdag står single mix stafett på programmet. Laurdag er det 4x7,5 km stafett før VM blir avslutta med fellesstart søndag.