Jubla for julegåve i februar

Denne veka vart Stryn frivilligsentral overraska med julegåve, nesten to månader på etterskot.

Jubel: Marit Sandnes Skrede i Stryn frivilligsentral jublar for pengegåva frå tilsette i Sparebanken Vest. F.v.: Målfrid Romsøe Sæten, Lisbeth Mikkelsen, Siri Merete Fure og Ole Jonny Nesdal. Framme t.h. ser vi Eli Bergset som er ein av mange som nyttar seg av tilboda ved sentralen. 

Nyhende

Det var i samband med ei samling for «dataklubben» på Frivilligsentralen at ein kvartett frå Sparebanken Vest dukka opp. Dei banktilsette får kvar jul høve til å gi ei pengegåve til eit godt føremål. Dei sjølve kjem med forslag til kven som fortener gåva, og gjennom desember månad stemmer dei fram ein vinnar blant 24 forslag som er trekt ut.