Sjåførar fryktar storulukke i Strynefjellstunnelane

Når to vogntog møtast i tunnelane på Strynefjellet, er det så trongt om plassen at sjåførar fryktar at det kan gå gale. No håpar dei ny tunnel ligg inne i Nasjonal transportplan.

Trangt og smalt: I tunnelane på Rv15 Strynefjellet er det så trangt om plassen at sjåførar fryktar det kan gå gale. No håpar dei at vegstrekninga kjem inn i Nasjonal Transportplan.   Foto: Bengt Flaten (arkvifoto)

Nyhende

Når to vogntog møtast i tunnelane på Strynefjellet, er det så trongt om plassen at sjåførar fryktar at det kan gå gale. No håpar dei ny tunnel ligg inne i Nasjonal transportplan.

– Dei sjåførane som ikkje har vore her før, tar kanskje ikkje omsyn. Kjem dei fort og dei ikkje klarer å stoppe, så smell det. Då får eg håpe at det smell i taket og ikkje inn i min bil, seier sjåfør Kurt Isene til NRK.

For vogntog som skal frå Nordfjord og Søre Sunnmøre til Austlandet, er kortaste vegen å køyre om Strynefjellet. Men gjennom tunnelane er det både trongt og lågt under taket. Når Kurt Isene skal gjennom tunnelen, køyrer han midt i, for å ikkje få skade på bilen. Når to vogntog møtast, må sjåførane svinge heilt inn til tunnelveggen, vippe inn sidespegelet og lirke bilane forbi. Sjåførane fryktar kva som kan skje dersom det kjem ein sjåfør som ikkje kjenner tunnelen.

– Er det to ukjende så er det livsfarleg, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i transportselskapet Tenden AS, til NRK, og legg til at ein kan ikkje vente på ny tunnel lengre.

Det vil koste kring 4 milliardar kroner med ein ny tunnel over Strynefjellet. I tillegg til tronge tunnelar er delar av vegen òg svært rasfarleg.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) har ikkje svart NRK på om ein ny tunnel kan komme inn i Nasjonal Transportplan, som blir lagt fram før påske. Leiar i Stortingets transportkomite, Helge Orten (H), seier det er krevjande å kome inn i første periode i ein ny Nasjonal transportplan fordi det ligg inne bindingar frå tidlegare, men at dei samstundes legg opp til å gjere meir strekningsvise prioriteringar i den andre perioden.

(©NPK)