Volda kommune:

Slik er koronaråda for vinterferien

Volda og Ørsta kommunar har samkøyrer koronaråda for vinterferien
Nyhende

- Om du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, bør du ta ein koronatest når du kjem til Ørsta eller Volda kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus, skriv kommunane i ein pressemelding onsdag.

Om du ikkje har symptom kan du vente nokre dagar før du tek testen, utan at du treng å vere i karantene desse dagane. Det tek i snitt fire til seks dagar frå ein er smitta til ein får symptom eller at viruset kan påvisast.

- Om du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom bør du ta ein ny test, då testen kun viser eit augeblinksbilete, skriv kommunen.

Det går fram av meldinga at ein ikkje er pålagt karantene om ein er tilreisande frå andre kommunar.

- Men vi har følgande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Ørsta eller Volda kommune:

  • Ha få nærkontaktar og hald avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Unngå besøk på sjukeheim, omsorgsbustad, eldre og folk i risikogruppene. Det vert gjort unntak ved alvorleg sjukdom og i livets sluttfase i samråd med institusjonen.

Så lenge ein kjenner seg frisk kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv, med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser. Om du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du ta ein koronatest så snart som råd, halde deg heime til du kjenner deg frisk og har fått svar på testen.

Kommunen viser elles til dei nasjonale råda for vinterferien på helsenorge.no