Flo-Thorsdal satsar på infravarme:

Spegel og foto som varmekjelde

For om lag ti år sidan fatta Øyvind Flo-Thorsdal for alvor interesse for inneklima og nye varmekjelder. Men etter fleire år som leverandør av varmepumper er det ein teknologi frå 70-talet som opptek han meir og meir.

Foto som varmar: Øyvind Flo-Thorsdal driv føretaket InfraComfort. Han sel infravarme-panel, og viss du ønskjer kan du få ditt eige foto på panelet slik at det fungerer som veggpryd i tillegg til varmekjelde. 

Eg gler meg til å sjå straumrekninga der

Øyvind Flo-Thorsdal
Nyhende

– Det fungerer på same måte som når sola varmar opp jorda, seier Flo-Thorsdal, når han skal forklare prinsippet med infraraud oppvarming.