Sterk i trua før normaldistansen

Johannes Thingnes Bø meiner han er kapabel til 19 treff, som han må ha for å ha sjanse på medalje i normaldistansen i VM onsdag.

Johannes Thingnes Bø er fornøgd med VM så langt.  Foto: Primoz Lovric/NTB/NPK

Nyhende

Det einaste individuelle OL-gullet hans kjem frå normaldistansen i 2018. Likevel rangerer han dei andre individuelle skiskyttarøvingane høgare.