Stryn startar å vaksinere ny gruppe denne veka

Covid-vaksinering i Stryn. Denne veka startar kommunen så vidt med å vaksinere gruppa 75+.   Foto: Gunnhild Sindre (Illustrasjonsfoto)

Nyhende

Stryn kommune er så langt i rute med vaksineringa mot Covid-19.

- Vi er snart ferdige med vaksineringa i gruppa 85+, og byrjar så vidt med gruppa 75-84 denne veka, seier einingsleiar for helsetenester i Stryn kommune, Alexander Rande.

Han understrekar at dei i gruppa 75+ som skal ha vaksine denne veka, alt har fått beskjed.

Alexander Rande, einingsleiar for helsetenester i Stryn kommune.