Etter innspel blant anna frå Hornindal:

– Vil tilrå SFO tilpassa skulekvardagen

Etter at Hornindal og Volda slo seg saman, har ikkje skulefritidsordninga i Hornindal vore tilpassa elevar som går på skule fire dagar i veka. No vil oppvekstsjefen leggje fram sak for formannskapet med tilråding om at SFO-ordningane vert tilpassa organiseringa av skulekvardagen ved den enkelte skule.

Revidert skulefritidsordning: Oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik vil leggje fram sak for formannskapet i mars, der politikarane fåmå utale seg om ein kan justere skulefritidsordninga slik at desse vert tilpassa organiseringa av skulekvardagen ved den enkelte skule.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Med tilbod om anten tre eller fem dagar SFO vart tilbodet for mange av foreldra i Hornindal betydeleg meir kostbart enn før. Ein konskevens er at berre halvparten så mange born nyttar SFO dette skuleåret, samanlikna med siste år som eigen kommune. Foreldrearbeidsutvalet i Hornindal har teke opp saka med Volda kommune både skriftleg og i form av møte.