Inkluderingsutvalet:

Desse skal kjempe mot utanforskap

Det nyskipa Inkluderingsutvalet i Stryn har tatt på seg ei formidabel utfordring som omfattar dei mange arbeidsinnvandrarane i kommunen.

Inkluderingsutvalet: F.v. Jan Heggheim i Fylkeskommunen, syriske Nafez Samman i Coop Marked, utvalsleiar Sarah Anderson, opphavleg frå Australia (tek doktorgradsoppgåve som handlar om inkludering gjennom friluftsliv) Lærar og barnevernspedagog Lillian Heimlid frå Fjelli og polske Joanna Wach som arbeidar som reinhaldar.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Under det første møtet i kulturhuset tysdag, orienterte kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby via Skype om utfordringane ein har og korleis ein kan jobbe med integrering.