Johannes og Tiril går par-stafetten i VM

Norges Skiskytterforbund har teke ut Johannes Thingnes Bø og Tiril Eckhoff til par-stafetten i VM i ettermiddag.

Tiril Eckhoff og Johannes Thingnes Bø, dei to leiarane i verdscupen, går dagens par-stafett i VM i skiskyting. Kan dei forsvare fjorårets VM-gull?  Foto: Ragnar Singsaas (arkivfoto)

Nyhende

Det blir altså verdscup-leiarane på både kvinne- og herresida som skal forsvare gullet frå fjorårets VM i Anterselva. Den gong var det Marte Olsbu Røiseland som konkurrerte saman med Thingnes Bø.

- Vi ser fram til konkurransen i dag og har to av dei sterkaste skiskyttarane til feltet på start. Dette blir spennande, seier Per Arne Botnan, sportssjef i Norges Skiskytterforbund.