Pollfoss kan få nytt liv

Nytt liv: Pollfoss hotell og gjestehus står tomt og har vore til sals sidan 2018. Så langt har ingen gjort handel, men no er det håp om at det tradisjonsrike hotellet kan få nytt liv.   Foto: Tom-Erik Solstad, Fjuken

Nyhende

Sidan 2018 har vertskapet forsøkt å selje Pollfoss hotell og gjestehus, som ligg ved Rv 15 i Billingsdalen. No kan det bli eigarskifte, opplyser avisa Fjuken, som først omtalte saka.