Leiaren i FAU i Hornindal:

- Skuffa over at oppvekstsjefen går imot utgreiing

– Fleksibelt SFO-tilbod og der ein betaler for timane ein kjøper, er kva foreldra etterspør.

SFO: Lillian Dorthe Torheim, leiar i FAU ved Hornindal skule, er oppteken av å få tilbake tilbod som er fleksible og rett prisa.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

FAU-leiaren i Hornindal, Lillian Dorthe Torheim, seier ho er skuffa og overraska over at oppvekstsjefen i Volda går imot å utgreie skulefritidsordninga i full breidde når hovudutvalet har vedteke dette.