Joanna skal spele handball for Volda ut sesongen:

– Eit riktig steg å ta

Joanna Øvre-Flo frå Stryn lever handballdraumen. No har 17-åringen signert utlånsavtale med 1. divisjonsklubben Volda, og håpet er å kanskje få prøve seg på førstelaget innan sesongslutt.

Satsar: Handballspelaren Joanna Øvre-Flo har signert låneavtale med 1. divisjonsklubben Volda. 17-åringen går til dagleg i 2. klasse på studiespesialiserande ved Stryn vidaregåande skule. Der har ho også valt toppidrett handball.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Venstrevingen har hospitert hos Volda sidan starten av august i fjor der ho har delteke på treningane med jenter 20 og 3. divisjonslaget. No går den talentfulle handballspelaren på lån til Volda ut sesongen.