Fekk 500.000 gåvekroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

– No blir det juniortrekk i Hornindal

Pengegåva frå Sparebank 1 er øyremerka nytt juniortrekk

Fekk pengegåve: Hornindal skisenter fekk overrekt 500.000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre torsdag. Pengane er øyremerka ny juniorheis. F.v.: Kommunikasjonsansvarleg Veronica K. Pilskog i Sparebank 1, Eline Fannemel, styreleiar ved Hornindal skisenter Arve Hovdenakk, Per Mattis Lødøen, avdelingsbanksjef Arne Lothe og driftsleiar for skisenteret, Amund Sverre Tomasgard.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Fantastisk kjekt med ei slik støtte, sa styreleiar i Hornindal skisenter, Arve Hovdenakk etter at representantar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre kunne overrekke ein sjekk på heile 500.000 kroner til skisenteret torsdag.