– Villcamparar tek det som sjølvsagt at vi er ein servicefunksjon

Campingplassane i Lodalen har fått kjenne godt «på kroppen» den auka turiststraumen til dalen. Sande Camping skildrar det som eit luksusproblem, men like fullt eit problem.

Pågang: Turid Sande Beinnes og medarbeidar Katrina Freia Rismane ved Sande camping. Dei opplever auka pågang frå villcamparar som ønskjer å nytte fasilitetane deira.  Foto: /arkiv: Roy Aron B. Myklebust

Nyhende

– Auka turisttrafikk er eit luksusproblem som mange vil misunne oss. Men mange turistar over ein kort periode byr på utfordringar når ein ikkje har mottaksapparat, skriv Sande Camping i sitt innspel.