7,2 mill. til utbetring av fylkesvegar i Stryn kommune

Hovudutvalet for samferdsle og mobilitet fordelte denne veka midlar til mindre utbetringar på fylkesvegnettet. Tre fylkesvegar i Stryn kommune får totalt 7,2 millionar av potten på 21,1 mill.

Møteplassar: Fv 5723 i Lodalen får 2,9 millionar til opparbeiding av møteplassar.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

I følgje saksutgreiinga er det i val av tiltak teke omsyn til kva som er realistisk å kunne få gjennomført i løpet av 2021. Dette inneber at det ligg føre planar for tiltaket eller at dette kan gjerast raskt. Det er også lagt vekt på å velje tiltak i område der ein allereie har aktivitet og mannskap.