LEIAR:

Allereie tidleg på 2000-talet lanserte Sp ideen om gratis ferje

Ideen om gratis ferje er langt frå ny, men er så langt ikkje blitt meir enn politiske utspel. Her frå ferjestrekninga Lote-Anda.  Foto: Bengt Flaten

Om ferjeturen vert gratis, må ordninga likevel betalast av nokon. Over eit anna budsjett eller anna type avgift

Nyhende

Det er farleg å vere bastant på kven som var først ute med å lansere eit politisk løfte. Det som uansett er sikkert, er at det eine løftet etter det andre dei siste vekene om halv pris eller gratis ferje frå dei tre partia Ap, Frp og Sp, langt frå er første gong temaet er oppe. Allereie tidleg på 2000-talet lanserte Senterpartiet gratis ferje som eit politisk mål. Og Venstre i Sogn og Fjordane følgde opp med konkret ønske om at Sogn og Fjordane kunne bli prøvefylke for ordninga.