Grotli sesongopnar: Vinterferie med ei stavlengds avstand

Grotli Høyfjellshotell sesongopna denne veka, og i helga opnar også skiheisen. – Vi satsar også i dette prøvelsens år 2021, og vil legge til rette for at folk også i år skal få oppleve "fjellvære" på Grotli, seier dagleg leiar Inger Einvik.

Flotte turar: Grotli er utgangspunkt for fleire flotte skiturar, her frå tur til Skridulaupen.   Foto: Privat

Nyhende

Eivik understrekar at Grotli-folket tykkjer det beste i verda er å ha ope hotell med liv og røre i kvardagen. I år vil dette skje med koronarestriksjonar og smittevernreglar.