Privatpersonar, lag og organisasjonar har følgt oppmodinga frå kommunen og dei siste vekene er det spela inn ei lang rekkje større og mindre utfordringar knytt til trafikale forhold, campingkapasitet og søppel- og toaletthandtering.Ikkje overraskande er mange av desse knytte til Lodalen.
Mange innspel til Stryn kommune:
Nok av turismeutfordringar å ta tak i
Tidlegare i år gjekk Stryn kommune ut og etterlyste innspel på utfordringar, og framlegg til løysingar på desse, knytt til turismehandteringa i kommunen. Og i følgje innspela er det nok å ta tak i.
Villcamping: Dei siste åra har det vore ein stor auke i turistar som teltar utanfor campingplassane. Særleg Breng i Lodalen har blitt ein populær stad for campingturistar. Søppel og avføring i naturen er nokre av utfordringane dette har medført. Her frå ein julidag på Breng i fjor sommar.
Nyhende