Positiv koronatest i Volda – kommunen har valt skjerpa tiltak

Koronatesting i Hovdebygda.   Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyhende

Volda kommune melder fredag kveld om eitt nytt positivt tilfelle av covid-19. Personen var i reisekarantene etter retur frå utlandet 12. februar. Då testen vart teken 19. februar, hadde personen ingen symptom, men testresultatet var likevel positivt.

Kommunen har valt skjerpa tiltak inntil avklart mutasjonsanalyse. Nærkontaktar, samtlege lokaliserte i Volda, er sette i karantene.

- Situasjonen ser førebles ut til å vere under kontroll, men den blir følgt tett, skriv kommunen i ei pressemelding.