180.000 kroner i driftstilskot frå fylkeskommunen:

- Skuffande lite til Singerheimen frå fylket

Vestland fylkeskommune har løyvt 180.000 kroner til Stiftinga Singerheimen i Olden. – Skuffande lite, seier styreleiar Per Kristian Storevik.

Løyvingane ned: Singerheimen i Olden. Anlegget har totalt ni bygningar, inkludert villa, fjøs, atelier og mausoleum. – At fylkeskommunen no reduserer driftstilskotet frå 250.000 til 180.000 kroner er særs skuffande, seier styreleiar Per Kristian Storevik. 

Nyhende

Hovudutval for kultur, idrett og integrering fordelte onsdag midlar til nasjonale og regionale kulturminne. Potten var på vel 1 million, og største summen gjekk til Fortidsminneforeningen i Hordaland, som fekk 230.000.