NVE har så langt registrert at 58 personar har blitt tekne av skred denne vinteren. Av dei har det vore seks dødsulykker.
– Vi håpar alle er medvitne på skredfaren no før vinterferien. Når det finst vedvarande svake lag i snødekke, gjer det forholda mykje meir ustabile. Skred losnar lettare og skreda blir ofte større, seier snøskredvarslar i NVE Ingrid Skrede i ei pressemelding.
I Sør-Norge er hovudproblemet eit vedvarande svakt lag høgt i snødekket. Det er svært lett å løyse ut skred og det gir tydelege fareteikn, som skytande sprekkar og drønnelydar.
– Situasjonen endrar seg raskt. Laurdag kjem det inn eit skikkeleg mildvêr på Vestlandet. Når du har vedvarande svake lag i snødekket som no, vil det føre til svært ustabile forhold, seier Skrede.
Laurdag vil skredfaren bli stor i dei mest utsette regionane og det blir forventa fleire naturleg utløyste skred i store delar av Sør-Norge.