BUA Stryn

Fekk 100.000 kroner til meir utstyr

Sparebanken Sogn og Fjordane bladde opp 100.000 kroner til BUA Stryn

Får større utstyrsbank: F.v.: Magdalena, Jannicke Sunde, Monica Beate Hesjedal, Marit Sandnes Skrede, Abdul Ahmed Kadir og Siv Bøe viser litt av det utstyret ein kan få lånt gratis ved BUA i Stryn. No får BUA råd til enda meir utstyr og ønskjer innspel frå ungdomen sjølv om kva dei skal kjøpe inn.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det vart feira med kaffi og kaker ved frivilligsentralen i Stryn etter at Sparebanken Sogn og Fjordane ved banksjef Odd Kjetil Tonning overrekte ein sjekk på 100.000 kroner øyremerka BUA (Barn-Unge-Aktivitet) sin utstyrsbank.