Vinterferien står for døra:

- No er det viktig å vere flinke og halde ut

Vinterferien står for døra, og smittevernlegen minner om gode råd i høve smittevern til tilreisande. Samstundes minner han om at det er viktig at vi er flinke og held ut.

- Så sjølv om tunnelen vart lengre enn vi hadde håpa på, er det framleis  eit sterkt lys i enden av han. Hald ut! seier smittevernlege Marius Solbakken.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

- Det går bokstaveleg talt mot lysare tider. Vi trur at vi framover får større mengder med vaksinar til innbyggarane våre, raskare enn det vi har opplevd til no. Det er svært gledeleg at dei eldste, og bebuarar på sjukeheimen som har ønskt vaksine, er ferdig vaksinerte, seier smittevernlege Marius Solbakken.

- Så sjølv om tunnelen vart lengre enn vi hadde håpa på, er det framleis eit sterkt lys i enden av han. Hald ut!

Råd til tilreisande

Ein er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men kommunen har følgande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Stryn kommune:

  • Ha få nærkontakter og hald minst 1 m avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Gjer grundige vurderingar når det gjeld besøk til eldre og personar i risikogruppene.

- Det er auka risiko om det ikkje har gått minst 14 dagar sidan den du skal besøke er ferdigvaksinert med to dosar Covid-19 vaksine. Å halde avstand over 2m er då eit godt tiltak for å redusera risiko, seier Solbakken.

Nye virusmutasjonar

- Vi lever i ein periode med nye virusmutasjonar. Dette er heilt normalt for eit virus, sjølv om det gir nokre tilleggsutfordringar, seier Solbakken.

- Korleis dette vil påverke måten vi skal forhalde oss til viruset på framover, veit vi ikkje fullt ut endå. Men vi veit det er viktig å oppdage smitta raskt, og setje i gang tilpassa tiltak tidleg. Derfor er det framleis viktig å testa seg raskt ved symptom, og ha avgrensa med nærkontaktar i kvardagen.

Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronavirus i Stryn sidan 6. februar