Hovudutval for næring i Vestland fylke etablerte denne veka eit næringsfond for utsette område. Fondet skal støtte tiltak i kommunar eller deler av kommunar som opplever svikt i sysselsetjing eller busetjing. – Eg er glad vi får på plass ei slik ordning, den blir særleg viktig når regjeringa har fjerna midlane fylkeskommunane kunne nytte til dette. I 2021 er fondet på 5 millionar, seier utvalsmedlem Aleksander Heen (Sp), som fremma forslaget på vegne av samarbeidspartia.
Nytt næringsfond for utsette område
Hovudutvalsmedlem Aleksander Heen (Sp) fremja forslaget på vegne av samarbeidspartia. Foto: Sogn og Fjordane Sp
Nyhende