Tok VM-gullet tilbake

Det vart full klaff og VM-gull til Bø-brørne og resten av laget under årets VM-stafett i skiskyting. Ein strålande stafettinsats sikra Norge eit suverent gull, og dermed vart også stafettrona teken tilbake etter eit forsmedeleg tap mot Frankrike i fjor.

Jublar for VM-gull i stafett i Pokljuka: Vetle Sjaastad Christiansen, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø pg, Sturla Holm Lægreid.  Foto: Manzoni/IBU

Nyhende

Sturla Holm Lægreid gjekk førsteetappe for Norge. Den nybakte verdsmeisteren gjekk ei god etappe, brukte to ekstraskot og kunne sende Tarjei Bø ut i tet, 19 sekund framfor Frankrike.

Tarjei heldt avstanden inn til liggande skyting. Her hadde han stålkontroll, skaut alle fem rett ned og gjekk ut 24 sekund framfor Frankrike, som måtte til med ekstraskot.

På ståande vart det to bom på Tarjei, og alle tre ekstraskota måtte brukast. Men han slapp strafferunden, og gjekk ut åleine i tet, 17 sekund framfor Sveits. Frankrike måtte i strafferunden.

- Eg visste eg måtte gå hardt ut med tanke på dei eg hadde bak meg. Så det vart ei hard og god opning og god liggskyting, men det vart litt tøft på ståande. Eg var rolig i kroppen, men eg har ikkje opparbeidd meg den beste sjølvtilliten denne veka, så det vart ein liten kamp mot meg sjølv. Men eg unngjekk strafferunden! sa Tarjei til NRK medan han venta i målområdet på at broren skulle kome inn til veksling.

Tarjei kunne sende bror Johannes ut i tet framfor Italia, 12 sekund bak, og med Ukraina på tredje plass, 14 sekund bak. Ned til dei potensielt argaste konkurrentane, Frankrike og Sverige, var det over 40 sekund, og avstanden auka inn mot første skyting.

Dei fire første skota flaut perfekt, men på femte skotet kom ein bom. Trass i raskt ekstraskot knappa Italia no inn på forspranget og var vel 7 sekund bak ut frå skyting. Ukraina heldt tredjeplassen.

Johannes heldt høg fart i sporet, og auka avstanden til Italia og Ukraina utover i mellomrunden. På ståande vart det fullt hus etter imponerande skyting. Italienske Giacomel fekk strafferunde, medan Ukraina også viste god skyting, og Pryma gjekk ut på andreplassen, 31 sekund bak Norge.

Både Frankrike og Sverige skaut ein bom, og avstanden vart over 1 minutt og 10 sekund til begge nasjonane.

Siste etappe knytte det seg stor spenning til. Her gjekk Vetle Sjåstad Christiansen. Fleire hadde på førehand stilt spørsmål ved kvifor bronsevinnar Johannes Dale vart vraka, men innsatsen på stafettlaget tidlegare vart avgjerande for at Christiansen vart henta inn.

Ved veksling var det 48 sekund ned til Ukraina og 59 ned til Russland.

Christiansen viste på første skyting at han hadde kontroll på nervane, her vart det fem blinkar rett ned. Inn til siste skyting hadde det nærma seg minuttet i avstand ned til argaste konkurrent, som no var Russland. Her fekk Norges ankermann to bom, men han sa etter løpet at han følte han hadde god kontroll på ekstraskota. Resterande blinkar gjekk ned, og Christiansen kunne gå ut med solide 50 sekund ned til Russland og Sverige, som kriga om sølv og bronseplass. Frankrike enda i strafferunda.

Johannes Thingnes Bø kunne sende Vetle Sjåstad Christiansen ut på siste etappe med nesten 50 sekunds leiing til neste lag.   Foto: Manzoni/IBU

Dermed kunne Sturla Holm Lægreid, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø ta imot Christiansen då han gjekk inn til eit suverent VM-gull til Norge, medan Sverige og Samuelsson sikra seg sølv. Bronsen gjekk til Russland.

- Det var ikkje mykje å utsetje på det vi gjorde i dag. Vi gjekk ein veldig god stafett. Sturla går ei god etappe, Tarjei er utfatteleg sterk, blir utfordra på stå og står i det, og eg fekk mitt draumeutgangspunkt, sa Johannes Thingnes Bø, som også skrytte av ankeretappen til Vetle Sjåstad Christiansen.

Det norske laget tok dermed tilbake stafettrona, etter å ha blitt henvist til sølvplass bak Frankrike under sist VM.