100.000 kroner til utstyrsbanken i Hornindal

– Ei kjempegåve som vil glede mange.

Takknemleg: Kristine Sofie Orheim Hansen med utstyr frå utstyrsbanken, som no skal bli eit enda betre tilbod.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

Det seier Kristine Sofie Orheim Hansen, leiar for Hornindal Frivilligsentral. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har delt ut pengar til aktivitetsutstyr i utlånsordningar. Utstyrsbanken i Hornindal hadde god grunn til å vere glade då dei før helga fekk 100.000 kroner til innkjøp av nytt utstyr.