Regjeringa endrar ei forskrift slik at folk kan byggje meir utan å måtte sende inn søknad først, skriv Nettavisen. Dei nye reglane gjeld frå 1. mai.
– Vi ønskjer å gjere det enklare og billegare for folk å gjere små tiltak på eigen eigedom utan å måtte involvere kommunen. Dette er viktige endringar som fører til mindre byråkrati, og at folk får meir fridom, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H).
Det blir opna for å byggje på hus eller hytte med inntil 15 kvadratmeter. Det kan gi moglegheit til til dømes å byggje ut kjøkkenet eller utvide med eit soverom. Kravet er at tilbygget er minst 4 meter frå nabogrensa.
Terrassen kan vere inntil 1 meter høg. Han må vere knytt saman med ein bygning og ikkje stikke ut meir enn 4 meter frå fasaden. Og det må vere minst 1 meter mellom terrassen og nabogrensa.
(©NPK)