Fram med flagget for brørne

Storebror Rasmus Endre Bø inviterte til VM-stemning på Hemsen på Hydlastova då brørne skulle gå VM-stafetten i skiskyting.

Rasmus Endre Bø følgjer spent med når brørne Tarjei og Johannes er ute om kjempar og ære i skisporet og på standplass. Han kunne juble for stafett-gull for herrelaget i VM og flagge ved Hydlastova.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Forsamlinga på Hemsen i Hydlastova heldt nærast pusten når Vetle Sjåstad Christiansen fekk to bom på siste skyting under VM-stafetten for herrer. Men ankermannen heldt seg roleg og unngjekk strafferunder. Dermed vart gullet sikra etter god leiing heilt frå første veksling. jubelen kunne sleppe laus for Sturla Holm Lægreid, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen.