Kjempa knallhardt for pallplass

Medan Johannes Thingnes Bø fekk for mange strafferunder til å melde seg på i kampen om medaljene, kjempa storebror Tarjei Bø hardt for ein plass på pallen på fellesstarten i VM. Litt dramatikk på standplass førte til jurymøte etter målgang, då det vart lagt inn protest fordi Tarjei måtte byte skive på andre skyting.

Tarjei Bø kjempa for ein pallplass under fellesstarten, og etter målgang vart det lagt inn protest etter at bøaren måtte byte skive på tredje skyting.   Foto: Ragnar Singsaas (arkivfoto)

Nyhende

Tarjei skaut fullt på første skyting, det same gjorde Johannes Dale og Sturla Holm Lægreid. Sistnemnde gjekk ut i tet. Johannes fekk ein dårleg start med to rundar, Christiansen måtte også ut i strafferunda.

Johannes Thingnes Bø gjekk ei rask andrerunde, og avanserte kraftig med å skyte fullt på andre skyting. Her fekk Tarjei ein tur i strafferunda, det same gjorde Johannes Dale, og Vetle Sjåstad Christiansen fekk to runder. Lægreid skaut fullt og gjekk ut i tet igjen, med Jakob Fak på hjul. Johannes Thingnes Bø gjekk ut 29 sekund bak teten.

Tetduoen Lægreid og Fak skaut begge fullt, og det same gjorde Tarjei Bø, som framleis var med i medaljekampen. Simon Eder skaut også fem blinkar og melde seg også på i gullstriden. Johannes Thingnes Bø fekk to nye strafferunder, gjekk ut vel minuttet bak teten og måtte sjå at han i alle fall var ute av kampen om gullet.

Sturla Holm Lægreid rykka i ein av motbakkane inn mot siste skyting, og kom åleine inn til siste ståande. Her vart det ei strafferunde, det same vart det på Fak og Eder.

Lægreid gjekk dermed ut i tet også etter denne skytinga. Tarjei skaut også ein bom, medan Johannes Dale skaut fullt. Johannes fekk også ein bom, og greidde dermed ikkje heilt å kome opp i pallkampen.

Tarjei derimot gjekk det han hadde for å nå opp på medaljeplass, midtvegs i den siste trekilometeren hadde han berre 13–14 sekund opp til pallen. Men det vart for langt fram, og Tarjei gjekk til slutt inn til 6. plass, med Simon Eder og Jakob Fak på dei næraste plassane. Johannes Dale gjekk ei superrask sisterunde og tok sølvet, Fillon Maillet tok bronse.

Etter målgang vart det lagt inn protest frå Norge.

- Tarjei vart hindra fordi det var ein annan løpar som tok skiva han skulle skyte på på andre liggande skyting, forklarte trenar Egil Kristiansen.

- Du får så høg plass inn på standplass, og så går vi litt forskjellig inn på matta. Så vi var to som gjekk på same matte. Så eg måtte ta ein U-sving og finne ei anna matte. Det øydela løpet mitt ein del, for eg misste tetgruppa, sa Tarjei til NRK etter at han og løparen frå Ukraina hadde snakka med juryen.

Om protesten vert teken til følge, vil han frå fråtrekk i tida og truleg rykke eitt steg høgare på lista.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 8. plass.

– Kjempekjedeleg. Kroppen kjendest bra, og eg hadde beste skia så langt i meisterskapen. Men det fungerte ikkje på skytinga, sa han til NRK etter løpet.