Mattilsynet sjekkar korleis norske griser har det – kjem på uvarsla besøk

Mattilsynet har no gjennomført dei første inspeksjonane i svinekampanjen, som skal gje auka kunnskap om korleis norske griser har det. Her kjem tilsynet på uvarsla besøk til svineprodusentar over heile landet.

Får Uvarsla besøk: I løpet av 2021 og 2022 vil Mattilsynet undersøke tilhøva i 600 tilfeldig utvalde svinebesetningar i heile landet.  Foto: Illustrasjonsfoto frå tilsynskampanjen for velferd for svin

For å få eit så korrekt og heilskapleg bilde av tilstanden som mogleg, er det eit viktig at utvalet er tilfeldig

Nyhende

Fram til juni 2022 skal Mattilsynet på inspeksjon i 600 tilfeldig utvalde svinebesetningar og m.a. sjå på rutinane for å handtere purker som føder, sjuke og skadde dyr, og tilgangen grisene har på plass, mat og drikke.