Stort engasjement rundt vegplan - tek framleis imot innspel

Det er stort engasjement rundt den regionale transportplanen, og fylket tek framleis imot innspel.

Tok imot innspel: Fylkesdirektør Dina Lefdal og fylkesordførar Jon Askeland. Foto: VLFK 

Nyhende

Fylkesordførar Jon Askeland inviterte i februar til tre opne innspelsmøte om samferdsleprioriteringar i samband med RTP (Regional Transportplan) 2022–2033 for Vestland fylke. Planen skal vedtakast i fylkestinget i desember. Fylkesordføraren seier det har vore eit stort engasjement i etterkant av innspelsmøta.