Turismehandteringa i Stryn kommune:

Uroa for smittefaren ved villcamping

Fellesstyret for bondelaga i Stryn kommune uttrykkjer bekymring for aukande smitteproblem og forsøpling som følgje av meir villcamping.

Fare: Bønder er uroa for smittefaren ved søppel og avføring i beite og dyrka mark. 

Nyhende

– Faren for smitte og utbrot av diverse sjukdomar blant husdyra aukar på grunn av avføring i beite og på dyrka mark. Utanlandske turistar har og gjerne med seg matvarer frå landet sitt som kan innehalde smitte, som igjen vert spreidd dersom dei kastar frå seg søppel i naturen, særleg på dyrka mark og på beite, skriv fellesstyret. Dei ønskjer skilt med informasjon om landbruket, for å opplyse turistane.