Sogn og Fjordane:

Ventar størst auke i regnskadar

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Sogn og Fjordane, Østfold og Akershus blir venta å få dei største aukane i skadar etter styrtregn, ifølgje ei utrekning frå Norsk Regnesentral og Gjensidige.

Ifølgje Aftenposten baserer oversikta, som følgjer den gamle fylkesinndelinga, seg på utbetalingar av forsikringar og vêrdata på døgnnivå for perioden frå 2009 til 2019.

I Sogn og Fjordane blir det venta å auke mest, med heile 85 prosent. Den venta auken for Norge generelt er på 40 prosent.