Ordninga vart sett ut på anbod:

Byter ettersøkslag i Hornindal

Stor prisforskjell på innleverte anbod vart avgjerande for at Volda kommune har byta ettersøkslag i Hornindal.

Frå Hjorten til Stryn Ettersøkslag: Volda kommune har inngått avtale med Stryn Ettersøkslag for ettersøk i Hornindal. Avtalen gjeld for 2021 og 2022.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I brev sendt ut til Hjorten Ettersøkslag, orienterer Volda kommune om at dei har vedteke avtale med Stryn Ettersøkslag for offentlege ettersøk i Hornindal. Kommunen hadde i følgje brevet avtale om ettersøk med Hjorten Ettersøkslag i 2020, noko som fungerte bra. Men då også Stryn Ettersøkslag meldte interesse for offentleg ettersøk i Hornindal, vart det sendt ut anbod til begge ettersøkslaga.