Overtek aksjane og førebur brannstasjon

Stryn kommune overtek alle aksjane i Visnes Industripark, og no kan det kome brannstasjon i dei tidlegare bussfabrikklokala.

Kommunalt: Industriparken på Visnes er no fullt og heilt ein kommunal eigedom. Selskapet Visnes Industripark AS blir avvikla og bygget vil inngå i den kommunale drifta. Om kort tid startar prosjekteringa av det 5.500 kvm store bygget.   Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Fram til nyleg har Stryn kommune, Løv AS og Siva Holding AS eigd industriparken på Visnes ilag. Kommunen har vore majoritetseigar med 49 prosent. No innløyser dei 51 prosent av aksjane med siktemål om å avvikle selskapet og overta eigedomen på totalt 5.500 kvadratmeter.